Om oss

Torje Nilsen
Portrett av en ung person med kort, brunt hår, iført en mørkeblå skjorte, foran en grønn dør og en murvegg.
Et smilende ungdomsmann med kort, lyst hår som står foran et fjellområde i utendørs omgivelser.
  • Tre karar som vil byggje Hardanger – bokstaveleg talt

    Hardanger Gruppen eigast av Torje Nilsen, Kim Christer Hylland og Jarleiv Bø Bjørklund – tre unge karar med ulik bakgrunn, men med same mål: å skape gode, trygge og moderne buplassar i Hardanger.

    Torje Nilsen

    Torje er kaptein på ferja Kinsarvik–Utne, tidlegare franchisetakar hos Elon, eigedomsinvestor, småbarnsfar og eigar av Blue House Odda. Han sit òg i fleire styre og kjenner regionen og folk her veldig godt. Kort sagt: ein fyr som får ting til å skje – både på land og sjø.

    Kim Christer Hylland

    Kim Christer er dagleg leiar i Røldalsmarknaden, medeigar i Hardanger Gruppen og Blue House, og kjent som ein hardtslåande trommeslagar frå Odda. Han har drive alt frå kulturhus til eventfirma og har ei eiga evne til å samle folk, organisere ting og halde trøkket oppe. Når han ikkje sit bak trommene, driv han ein liten gard.

    Jarleiv Bø Bjørklund

    Jarleiv kjem frå entreprenørskap, praktisk arbeid og ein kvardag der tempoet ofte er “300 prosent”. Han er både kaptein og bonde, like komfortabel i fjøset som på dekk, og har sterk gjennomføringsevne i alt han gjer. Med erfaring frå bygg, prosjekt og eigedomsutvikling er han ein som får ting i mål – skikkeleg og med fullt trøkk.

  • No slår me saman erfaringane våre og satsar for fullt på eigedom og bustadutvikling i Hardanger. Målet er enkelt:

    • Å tilby bustader som er gode å bu i

    • Byggje prosjekt som varer

    • Utvikle Hardanger – på hardangervis

    Me startar med Eidetoppen i Odda – 10 moderne leilegheiter på ei av dei beste tomtene i sentrum.