Eidetorget – 10 nye leilegheiter på Eide i Odda
Eidetorget er vårt første store bustadprosjekt i Odda. I samarbeid med Jondal Bygg AS har vi planar om å bygge 10 moderne leilegheiter på ei av dei mest sentrale tomtene i sentrum – rett ved Eidetorget.
Dette blir bustader som passar:
Nyetablerarar som vil inn på marknaden
Seniorar som vil bu lettvint og sentralt
Alle som vil ha eit moderne og trygt heim i roleg område, men med kort veg til alt
Nøkkelpunkter:
Attraktiv plassering
Kort avstand til butikkar, kultur, sentrum og natur
Gode planløysingar og uprangande, moderne standard
Tilrettelagt for enkel kvardag og framtidsretta buform
Livsløpsstandard
Fine uteområde
Parkering og sportsbod
Energismarte løysingar
1-3 soverom
Status: Planlagt
Antal einingar: 10
Stad: Eidetorget, Odda
Beliggenhet
Eidetoppen ligg midt i Odda, i eit roleg og godt etablert område. Her bur du sentralt, med kort veg til butikkar, apotek, lege, kollektivtransport, kafear og servicetilbod. Området har fin utsikt mot fjell og fjord.
Dette er ein stad der du har naturen i bakgarden og sentrum i gangen - perfekt for både kvardagsliv og turar i Hardanger si råe natur.
Adkomst
Prosjektet får enkel adkomst frå Eidet, med bilinnkøyring rett frå hovudvegen. Busstoppet ligg berre nokre få meter frå leilegheitene, så det er svært enkelt å komme seg rundt utan bil. Det er kort gangavstand til sentrum, butikkar og servicetilbod, og du når både fjord, fjell og turstiar utan behov for ekstra transport.
